Rom på rom i byen

Anja Standal fra NMBU deltar i Forsker Grand Prix Oslo 2016. Foto: Benjamin A. Ward / www.benjaminward.no

Anja Standal fra NMBU deltar i Forsker Grand Prix Oslo 2016. Foto: Benjamin A. Ward / www.benjaminward.no

Anja Standal, NMBU, seksjon for by- og regionplanlegging, institutt for landskapsplanlegging

Gjennom 10 års praksis som arkitekt/urbanist og planlegger i både kommunal og privat sektor har eg gong på gong erfart at måten vi planlegg og bygger på ikkje klarer å sjå at byen består av ei mengde rom som er uløyselig knytta til kvarandre.

«Ofte klarer vi ikkje å bygge desse romma saman på ein god måte, i staden bygger vi fysiske grenser».

Det er kanskje ikkje så rart? I planlegging skal juridiske grenser syast sammen ved hjelp av eit todimensjonalt fargelagt plankart og litt tekst på eit papir. Korleis klarer dei å bygge ein tredimensjonal by?

Både politisk og i planretningslinjer vert utvikling av bærekraftige kompakte byer fremma. Vi skal leve tett, byen skal ha blanda bruksmønster og vere tilgjengelig med offentlig transport. Men korleis kan vi sikre at desse kompakte byane både skaper gode rom for våre private liv, og rom som er åpne og tilgjengelige for alle? Korleis må desse romma henge sammen for å få dette til? Korleis skal vi pusle saman alle desse ulike brikkene og legge til rette for private goder i ein offentleg struktur?

Anja Standal fra NMBU deltar i Forsker Grand Prix Oslo 2016. Foto: Benjamin A. Ward / www.benjaminward.no

Hvor er rommene? Anja Standal fra NMBU deltar i Forsker Grand Prix Oslo 2016. Foto: Benjamin A. Ward / www.benjaminward.no

Mitt doktorgradsprosjekt går ut på å gi ny og utvida innsikt om byens rom – frå dei heilt offentlige til dei private – både inne og ute. Formålet er å studere det eg kallar offentlig-private-grenserom på ein slik måte at kunnskap kan fornye og forbedre korleis vi planlegger og bygger desse romma i kompakt byutvikling. Desse grenseromma er frå eitt perspektiv private og høyrer til fasade og bygg, samtidig er dei ein svært viktig del av byen. Dei er viktige områder der samspel mellom menneske skjer; der du ynskjer velkomen eller seier farvel til venner eller kunder, der du viser eller skjuler ditt private liv eller der varer er utstilt og utveksla. Kan desse romma knyttast saman på ein betre måte? Har planverktøya vi bruker muligheit til å kunne ta innover seg alle ulike romlige overlapp som byen består av?

Anja Standal fra NMBU deltar i Forsker Grand Prix Oslo 2016. Foto: Benjamin A. Ward / www.benjaminward.no

Anja Standal fra NMBU deltar i Forsker Grand Prix Oslo 2016. Foto: Benjamin A. Ward / www.benjaminward.no

Karrieredrøm

Byen er både min lidenskap og min arbeidsplass så eg kan trygt seie at eg lever ut min draum her og no. Eg brenn for å bidra til å utvikle betre byar der folk kan leve sammen i tette, trivelige og tilgjengelige miljø, og eg meiner at vi må stadig utfordre og utvikle nye måtar å betrakte byen på. Doktorgradsprosjektet er ei viktig brikke som eg håper vil bety mykje – både som rammeverk for vanlige folks liv, og for dei som produserer desse rammene. Vidare framtidsdraum er å kunne fortsette med det eg gjer – å gi bidrag til betre byutvikling.